Me byggjer nok ein Custom Krag, ja faktisk to...
Dette er eit lite privat prosjekt eg har hatt gåande ei stund. Har vore igjennom mange rundar i skallen, og byrjar no ta form.
Det heile starta med ein særs fin gamal Krag, som var for god til plombering. Nummerlik og alt.

Målet er å få til ei rifle som skal nyttast til jakt, no som forbodet mot kragen ser ut til å vera borte frå lovverket. Den vert i cal.6,5X55, men har utskiftbart løp i samband med montasje for kikkert, så det vil vera mogeleg å setje i ei 8X57, 8X54 eller kanskje ein 6,5X55 Improved av eit eller anna slag....
På biletet til høgre ser ein muffa som har "square bridge" slik at det er plass for å frese inn eit feste for svingmontasje. Det vert sving, for dette gir lavare montering, og langt fleire mogelegheiter med tanke på val av kikkert.

Her ser ein delane frå ein annan vinkel.
Eg har laga ein fresemal som Ola Gujord har fått, i lag med to skjefteemner. Litt av årsaka til at det vart Kragjobbing no, var at eg har ein jobb for ein kunde som skal ha skjefta om ein custom Krag han har.
Følg med vidare, og sjå korleis det heile vert sjåande ut.

Her ser me planken ferdig frest frå Ola Gujord (etter mal laga av meg).

Her er metallet på plass i stokken. ser greit ut så langt.

Tilpassinga.

Her har eg lagt pistolgrepet ganske mykje baklover, slik eg ynskjer å ha det.

Skeleton pistolgrepsavslutning kan jo passe fint på denne stokken.

Her er avtrekkerbøyle og litt meir tilpassningar av vinklar og linjer på plass.

Frå ein litt annan vinkel.

Eg likar ein liten "widows peak" på fortreavslutninga, som er i ibenholt.
Ikkje så vanskeleg å laga som enkelte ser føre seg. Ein freser edeltreavsluttninga i fresen, og lar det stå att ein "peak". Denne tilpassar ein så i stokken. Det heile vert limt med beddemasse, med ei kraftig armering i midten.
Krag #2 Ny Kragstokk på gang..............
Så var endeleg ein ny stokk fresa ferdig av Ola, den førre han fresa visa seg å ha ei sprekk som gjorde den umogeleg å nytte som superemne. Dette er planken til 9700,- og den trur eg vil bli heilt suveren. Kunden som skal ha den, veit akkurat korleis han ynskjer seg denne rifla, og eg skal gjere mitt beste for at han vert nøgd, så no får min eigen Krag versegod vente til denne er ferdig.

Her er eg godt i gang med tilpassinga av metallet.

Etter "inletting" er det dags for å sette på kolbekappe og lime på edeltreavsluttning, med "widows peak" sjøsjagt........

Så er det pussing og atter pussing. startar med 80 korning, og så er det 180, 220, 320 og til slutt er det 600. Viktig å passe på at alle striper er borte før ein går opp eit hakk i koringa. Svært ofte dukkar det opp ting ein ikkje såg, og då er det rykk tilbake eit hakk, eller to....

Beddinga er klar.


Her er stokken slipt til 600 og klar for første runde vatning.

Oljinga er godt i gang. Flott trevirke altså!

|