![]() |
|
![]() |
|
![]() |
|
Utan eit kvalitetsløp, er det vanskeleg å få til god presisjon, og det er vel det me er på jakt etter, er det ikkje?
Me nyttar utstyr av god kvalitet i samband med løpsmonteringane me utfører. Flytande brotsjholdar og kvalitetsbrotsjer fra JGS og PTG i USA, sikrar jevne og sentriske kammer.
Me nyttar i dag piper fra Lothar Walther, Lilja og PacNor. PacNor har vist seg å være av svært bra kvalitet, om ikkje så kjent som Lilja. Me tek berre inn "Super match" kvalitet frå PacNor. Lilja har berre ein kvalitet. Walther er sikker kvalitet dette og, men dei er ikkje handlappa slik som Lilja og PacNor og dermed ikkje fullt så strøkne i innvendig finish.
Her ser me Sverre som står og programmerar dreiing av ei pipe.
Med styrt dreiebenk kan me lage svært nøyaktige toleransar samt dreie nær sagt alt tenkjeleg av utvendig profil.
Monteringa av eit løp har stor betydning for resultatet. Me nyttar flytande brotsjholdar for å sikre mest mulig sentrisk og nøyaktige kammer.
Me nyttar mange andre "triks" også, for å sikre optimal presisjon fra et løpsemne av topp kvalitet.
Me sentrerer løpet på senterspiss og lar det gå sentrisk på støttebrille. Dette sikrar nøyaktig oppspenning. Kammerbrotsjane er med utskiftbar "flytende" pilot som sikrar at kammeret blir sentrisk i forhold til den aktuelle riflinga.
Skjæreolje av topp kvalitet er eit must for å sikre at ikkje brotsjen lagar riper i kammeret. Rocol er topp til dette!
Her ser me ei rekkje ferdig løp. Dei er tilpassa anten dierekte i låskasse, eller i løpsmuffesystemet me lagar. Alle har fått ein runde Cerakote C-serie, samt at dei er lasergravert med kaliberinfo, twist og nokre med Rafdal Våpen logo.
Løpsbytesystem har blitt veldig populært. Me lagar sjølve muffa i eit veldig seigt og sterkt stål, så tilpassar me denne til pipe og til kasse. Til slutt vert pipa kamra. Systemet vert då aldeles utan noko form for slark, og erfaringen viser at treffpunktet er det same når pipa vert skrudd attende i kassen.
Strengt tatt vert systemet sterkare slik, enn med originalpipa.
Kor sterkt er løpsbyttesystemet me lagar?
(Ikke gjør dette hjemme)
Mange har spurt om kor mykje våpenet vert svekka med eit slikt system. No er det slik at stålet i muffa er Nimax, og det er langt sterkare enn vanleg løpsstål. Det er seigt og har ein RC på rundt 40. Tilpasningane er så å seie utan "slark" av noko slag.
Me har sjølvsagt testa kva som skjer når me fyrer av ei ekstrem overladning i ei rifle med slik muffe.
Ein M98 måtte bøte med livet, men skyttaren ville greit overlevd. Quick-Load sa eit trykk på 11500 bar, 3 gonger over max. Muffa er like fin, men pipa er bakt fast i muffa. Muffa kom greit ut av kassa.
Me utfører følgjande ved løpsmontering:
Me byggjer også løpsskiftesystem som fungerer svært bra. Kostar frå kr.1280,- ekstra ved montering av første pipe.
Løpsmontering Prisliste 1.1.2018 | ||
Montere pipe i bolt action kasse (gjenge, profildreie, kamre osv) | kr 2 600,00 | |
Walther CrMo løpsemne 66 cm langt | kr 3 100,00 | |
Walther SS løpsemne 66 cm langt | kr 4 000,00 | |
Lilja SS løpsemne 69 cm langt | kr 5 800,00 | |
Montere Walther CrMo i bolt action låskasse (ferdig montert) | kr 5 700,00 | |
Montere Walther SS i bolt action låskasse (ferdig montert) | kr 6 600,00 | |
Montere PacNor CrMo pipe i bolt action låskasse (ferdig montert) | kr 7 400,00 | |
Montere PacNor SS pipe i bolt action låskasse (ferdig montert) | kr 8 100,00 | |
Montere Lilja CrMo pipe i bolt action låskasse (ferdig montert) | kr 7 800,00 | |
Montere Lilja SS pipe i bolt action låskasse (ferdig montert) | kr 8 400,00 | |
Montere Lilja SS pipe i bolt action låskasse 30" pipe (ferdig montert) | kr 9 000,00 | |
Montere Lilja SS pipe i bolt action låskasse 32" pipe (ferdig montert) | kr 9 850,00 | |
Rette gjenger i låskasse (ikkje alle kassar) | kr 550,00 | |
Lage løpsmuffe for løpsbyttesystem | kr 1 280,00 | |
Tilpasse originalpipe til løpsbyttemuffe | frå | kr 1 150,00 |
Gjenge for demper (pipe som allerede er i arbeid) | kr 740,00 | |
Gjenge pipe (pipe me må skru ut av kasse spesifikt for denne jobben) | frå | kr 960,00 |
Cerakote pipe | kr 640,00 | |
KG-Gunkote på pipe | kr 640,00 | |
Flute pipe | frå | kr 1 600,00 |
Blånere pipe etter fluting | kr 320,00 | |
Lasergravere kaliber, twist og løpstype i coata piper | kr 320,00 | |
Priseksempel: | ||
Ferdig montert Walther SS | kr 6 600,00 | |
Ferdig montert Walther SS inkl fluting, gjenger for demper, coating og laserinfo | kr 9 900,00 | |
|
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||