Nytt for oktober 2025
Og plutseleg var det haust gitt.... Me held på med mykje rart, som vanleg, også ei og anna customrifle av høgare standard. Her er det m.a. ei M98 DWM-kasse som får seg ein "total makeover".


Me har i mange år teke inn skjefter frå Mark Bansner hos Bansners rifle. No har dei konvertert til berre å levere carbonskjefter. Me har her ein smakebit av første bygget. Mange skjefter på veg inn i november
Har og levert ein skjeftejobb på ein Krieghoff Trumf for litt sidan. Flott treverk, og ok jobb vil me påstå :-)
Rafdal Våpen
Det er over 30 år sidan Albert Rafdal starta opp som børsemaker i bygda Etne som ligg på Vestlandet. Desse 30 åra med erfaring gir oss no unik mulighet for å tilby våre kundar topp kvalitet i delar og arbeid, samt bra service.
Om oss
I dag er det Albert Rafdal og Sverre Halleland, som har vore med oss sidan 2012, som jobbar ved verkstaden.
Arbeidet vårt
Me har som hovudfokus å bygge opp og reparere rifler. Alle slag, frå lette jaktrifler til langholdsrifler med alt som skal til for å prestere. Me reparerer nær sagt alle typar våpen, samt gjer kundetilpassingar på hagler, rifler og handvåpen.
Me samarbeidar med Jaktia. Rafdal & Kvale Våpenhandel AS, der Albert er medeigar, tilbyr alt ein jeger treng, og meire til. Jaktiakjeden tilbyr kvalitetsprodukt til rett pris. Dette gir oss mulighet for å tilby Jaktiabetingelsar til alle våre kundar på varer som vert levert via oss. Ta elles gjerne kontakt med vår Jaktiabutikk direkte på tlf 52770220