Logg inn

Logg inn med ditt passord for å redigere hjemmesiden!

Skriv inn epostadressen din (må være den som er registrert på Mekke), og trykk på "Send meg passord" for å bli tilsendt nytt passord på epost.

Hopp til innhold

Me bygger ein Custom Mauser

Her vil du finne info om bygginga av ein rett så påkosta FN-produsert Mauser M98

Kunden hadde ynskje om ei rifle bygd på fin Mauserkasse med klassisk utsjånad. Kalliberet skulle vere 9,3X62, og rifla skulle ha rett så mange detaljar. Han hadde sjølv eit svært så fint emne i tyrkisk valnøtt.

 

Her er det sveisa på ny hevarm på sluttstykket.

Den andre bolten er nesten lik, men skal på ein spesiell 8X57 Mauser i veeeeldig klassisk stil. Eit restaureringsprosjekt me putlar med i ledige stunder :-)

 

Kvartskinna er på plass og fresing av fasong er starte. Denne skal ha normalt skur, "one standing-one folding", samt base for freste hakemontasje. Det skal ein Swarovski Z6i 1-6X på rifla.

 

Her har me laga ein passande skjeftemal. Denne er klassisk og rett nok til kikkert, men framleis skal ein kunne nytte opne sikter.

 

Tilpassing tre/metall er på plass og det er på tide med sliping av overflate. alt må bli så plant som råd. Kolbekappe er på plass.

 

Her limer me på edeltreavslutninga, som sjølvsagt har fått "widovs peak".

Den står denne vegen for at limet ikkje skal renne nedover i løpskanalen. Blir berre ekstra arbeid av slikt.

 

Forlenga tange......

Her har me smidd ein forlenga tange som er nedfelt i stokken. Den skal få ein rett så "perfekt" tilpassing når alt er fila på plass og klart. Mon om den skal flammeherdast, slik som resten av kassa? Den er nemleg laus i dag. Får ikkje plass til heile i herdeovn eller behaldar under flammeherdinga.

 

Etter timasvis med pussing og flikking, er det endeleg klart for utvatning, ny sliperunde og så oljefinish. CCL "Traditional...." er det me brukar på denne stokken.

 

Skikkeleg customrifle må få eigna skruar. Her har Sverre dreia skruar og Albert held på med tilpassing slik at spora skal vende rett......ideelt sett.

 

Her er me godt i gang med finish på skjeftet. Framleis ein del tid att før den er slik dan skal vere. og, så går det relativt lang tid før den er skikkeleg herda og klar for røff bruk.

 

Tangen skal flammeherdast og då må det skikkeleg forskaling til. Om ikkje, vil den nok vri seg i nedkjølinga. Rett i +10 graders vatn frå 760 grader.

Me har støypt/bedda inn delar av tangen for å vere sikre på at alt ligg 100 % rett. Det er maskinskrue som held den på plass i bakkant. Sjølvsagt ein skrue me har laga sjølv...i tillegg til festet i stokken.

 

Så vidt i gang med nettskjæringa.

 

Då er rifla så godt som klar. Det er berre nokre små justeringar her og der, samt litt vidare innbrekk av løp og testskyting.

Me er rett så nøgde med rifla, og den har ikkje spart oss for utfordringar. helst av sorten me ikkje såg føre oss. Treverket er det mest spesielle eg har jobba med, men no ser det ganske stabilt og bra ut, og ingen fliser eller andre stygge sår er synlege.

Kikkerten er ein Swarovski Z6i 1-6X Topp kikkertsikte til ei slik rifle.

 

Eigaren av rifla har fått Anke Helland til å grevere grepsavslutninga i mønster og motiv han ynskte å ha. Dette er svært bra utført.

Me har i samråd kome fram til at den ikkje skal få noko overflatebehandling. patinaen den får over tid vil nok vere det finaste.

mykje rart me kunne ha gjort med den, men då er me redd at motivet ville blitt kamuflert.

 

 

 

 

Del denne siden med andre!

Share on Facebook

Logg inn