Logg inn

Logg inn med ditt passord for å redigere hjemmesiden!

Skriv inn epostadressen din (må være den som er registrert på Mekke), og trykk på "Send meg passord" for å bli tilsendt nytt passord på epost.

Hopp til innhold

 

Brno 602 i cal.500 Jeffery - ikkje for kven som helst!

På denne sida vil me legge ut litt om korleis me byggjer denne klassiske elefantveltaren.

 

Rifla hadde pipe frå før. Montert av oss for mange herrans år sidan. Me har fiffa litt på fasongen, og her har me akkurat lodda på ei fint tilpassa kvartskinne.

 

Fresing av kvartskinna for å få rett fasong, samt frese inn svalehalespor for sikteskuret. "one standing-two folding" skulle det vere.

 

Her er me i gang med skjeftebygging. Me har laga ein eigen mal til denne, basert på dei ynskje kunden hadde, samt vår eigen steile haldning til korleis dette bør sjå ut. Her er det utforming av kinnstykke og fasong på bakstokken som vert utført.

 

Kryssboltar er på plass, og ein må ha 2 stk på denne rifla.

Så er det mange timar med pussing og finshaping for å få topp resultat.

 

Nettskjæringa er i gang. Enkelt "point patern" som møtes på toppen. skal ha bord rundt enkelte parti. Dette er perfekt mønster for ei slik rifle.

 

Det er mykje arbeid før ein er i mål med slik nettskjæring.

24 linjer pr tomme, som er blitt ein slags standard. Dette er fint, greit å skjære og ser veldig bra ut.

 

Her er me igang med rustbrunering av mange av metalldelane til bl.a. 500 rifla. Det er også med eit restaureringsprosjekt på ein Winchester 1873 samt ein sivil m98.

 

Då er rifla klar. Sikta er skotne inn (fila til), og det er ingen lysteleg jobb. Å finsikte i skytebenken, prøve å få til eit bra avtrekk og korrekt siktebilete medan ein ventar på ein brutal rekyl........

Rifla er mest like farleg i begge endar.

 

Harald Viken har gravert underbeslaget, me har flammeherda dette.

 

Rustbrunert overflate vert veldig fint. Her ser me detaljar frå både skjeftefinish, nettskjæring og rustbrunering. Samt detaljar på baksikte og kvartskinne.

 

Del denne siden med andre!

Share on Facebook

Logg inn