Nytt for april 2021.
Me jobbar med mange nye og spananmde prosjekt for tida. Me skal prøve å få lagt ut bilder av noko av dette framover.Rafdal Våpen
Det er 30 år sidan Albert Rafdal starta opp som børsemaker i bygda Etne som ligg på Vestlandet. Desse 30 åra med erfaring gir oss no unik mulighet for å tilby våre kundar topp kvalitet i delar og arbeid, samt bra service.
Om oss
I dag er det Albert Rafdal og Sverre Halleland, som har vore med oss sidan 2012, som jobbar ved verkstaden.
Arbeidet vårt
Me har som hovudfokus å bygge opp og reparere rifler. Alle slag, frå lette jaktrifler til langholdsrifler med alt som skal til for å prestere. Me reparerer nær sagt alle typar våpen, samt gjer kundetilpassingar på hagler, rifler og handvåpen.
Me samarbeidar med Jaktia. Rafdal & Kvale Våpenhandel AS, der Albert er medeigar, tilbyr alt ein jeger treng, og meire til. Jaktiakjeden tilbyr kvalitetsprodukt til rett pris. Dette gir oss mulighet for å tilby Jaktiabetingelsar til alle våre kundar på varer som vert levert via oss. Ta elles gjerne kontakt med vår Jaktiabutikk direkte på tlf 52770220