Logg inn

Logg inn med ditt passord for å redigere hjemmesiden!

Skriv inn epostadressen din (må være den som er registrert på Mekke), og trykk på "Send meg passord" for å bli tilsendt nytt passord på epost.

Hopp til innhold

Ruger #1    7.4.2022

Like over nyttår 2022 byrja me på eit par skjefteoppdrag på Ruger #1. Dvs dette er eigentleg Heym sine rifler, men dei er bygd på Ruger #1 lås.

Metallarbeidet er alt ferdig, noko som jo er ei utfordring då det er lett å kome borti metallet under trearbeidet.

Flott utført rustbrunering, samt svingmontasjar.

Denne rifla er i 7X65R

Den andre, som kjem lengre nede, er i 6,5

 

Då me fekk våpena så hadde det blitt gjort ein del arbeid på bakstokk på eine våpenet. Dette var fint og greit, men ikkje akkurat i "vår" stil. Me har endra ein del på bakstokken, og no føler me den er ok.

Framstikken har me bygd frå skrætsj.

 

Kunden har sjølv skaffa skjefteemna, og den me ser her er ein veldig fin plank av "burl" tyrkisk valønøtt (så vidt eg hugsar han sa).

Her har me akkurat starta med oljinga. CCL Traditional vert det på denne også :-)

 

Flotte fargar og teikningar, men ufatteleg mange "hol" og sprekker som me har fylt med shell-lakk samt ein del me håpar vert nokolunde tette med oljefinishen.

Då er rifla heilt klar. Aldeles spesielt treverk, og hendig og smekker rifle.

 

Litt detaljar frå nettskjæringa. Vanskeleg treverk å skjære i.

 

Aldeles spesiell ved.

 

Me har freista halde så elegant stil som me klarar. Så er det opp til kvar og ein og vurdere om me har lukkast med dette :-)

 

 Ruger #1 i 6,5X55

Då er me i gang med Ruger #2, altså ein #1, men den andre :-)

 

Denne har sideplater med gravyre. Fint, men har ingen funksjon ut over.....fint.

 

Utforminga av bakstokken er nesten klar her no.

 

Fortre er klart. Dette er komplisert å få til, men gjekk bra denne gongen også.

Klart for utvatning, sliping og så start på oljefinish. Må berre få pussa ferdig bakstokken først. Der er det mange timar med puss, pusss, puss......

 

Då er rifla heilt klar. Vart rett så bra synes me. fekk fin form på stokken, treverket er fint, og tilpassningar vart bra.

 

Framskjefte er mykje arbeid.....om nokon lurte :-)

 

 

Del denne siden med andre!

Share on Facebook

Logg inn