Logg inn

Logg inn med ditt passord for å redigere hjemmesiden!

Skriv inn epostadressen din (må være den som er registrert på Mekke), og trykk på "Send meg passord" for å bli tilsendt nytt passord på epost.

Hopp til innhold

 

 

                 Link til www.lothar-walther.com
                 Link til www.pac-nor.com

                Link til www.riflebarrels.com

https://internationalbarrels.com/

 

Løpsmontering

Nye reglar for sal av riflepiper.

Skifte av kalilber

Næringsdrivande, som har løyve til å drive med reparasjon eller tilverking etter våpenlova § 23, kan utan særskilt løyve skifte pipe eller på annan måte modifisere eit skytevåpen slik at det kan skyte ammunisjon i eit anna kaliber enn det skytevåpenet er registrert for. Ein endring av kaliber utan løyve kan likevel berre gjerast når skytevåpenet lovleg kan brukast til det godkjente ervervsgrunnlaget. Ved endring av kaliber utan løyveplikt skal den næringsdrivande sende melding til politiet med opplysingar om endringa på fastsett skjema. Slik melding skal sendast innan ei veke etter at pipa er skifta.”

Ny pipe i nytt kaliber.

Dette meldes inn av oss via eige skjema som politiet har oppretta.

https://www.politiet.no/globalassets/02-tjenester-admin/vapen/melding-om-endring-av-kaliber.pdf

Ny pipe i same kalliber.

Dette vert og meldt inn og registrert frå vår side.

Me treng kopi av våpenkort og legitimasjon for å melde inn slike endringar.

https://www.politiet.no/globalassets/02-tjenester-admin/vapen/melding-om-erverv-av-vapendel.pdf

------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Me har for fleire månadar sidan bestilt opp eit utval med carbonløp frå IBI. IBI er ikkje nytt for oss då me har montert ei rekkje slike løp som andre har importert, men dette er første gong me tek direkte.

Løpa er spesialbestilte for å kunne tilpassast muffene me lagar til Blaser R8.

Dei kan sjølvsagt brukast på det aller meste av andre rifler også.

 

-----------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Utan eit kvalitetsløp, er det vanskeleg å få til god presisjon, og det er vel det me er på jakt etter, er det ikkje?

Me nyttar utstyr av god kvalitet i samband med løpsmonteringane me utfører. Flytande brotsjholdar og kvalitetsbrotsjer fra JGS, Manson og PTG i USA, sikrar jevne og sentriske kammer.

Me nyttar i dag piper fra Lothar Walther, Lilja og PacNor. PacNor har vist seg å være av svært bra kvalitet, om ikkje så kjent som Lilja. Me tek berre inn "Super match" kvalitet frå PacNor. Lilja har berre ein kvalitet. Walther er jamn og god kvalitet, men dei er ikkje handlappa slik som Lilja og PacNor og dermed ikkje fullt så strøkne i innvendig finish.

Me brukar sei at 5-skot med Walther gir omtrent 15mm samling, medan Lilja og PacNor gir 10mm. Ofte kan dette vere betre, men ikkje alltid. Det er og ein del løp som viser seg å vere litt sære og dermed ikkje skyt bra med alt ein puttar i.

 

Dreiing av løp

Her ser me  Sverre som står og programmerar dreiing av ei pipe.

Med styrt dreiebenk kan me lage svært nøyaktige toleransar samt dreie nær sagt alt tenkjeleg av utvendig profil.

 

Brotsjar og tolkar

Me har ein haug med ulike kammerbrotsjar og tolkar. Dei me ikkja har, leiger me inn eller skaffar. Er dei veeeeldig spesielle må kunden ta nettokostnaden med å skaffe brotsjen.

Me har liste over brotsjar me har på lager lengre ned på denne sida.

 

 

Her ser me ei rekkje ferdig løp. Dei er tilpassa anten direkte i låskasse, eller i løpsmuffesystemet me lagar. Alle har fått ein runde Cerakote C-serie, samt at dei er lasergravert med kaliberinfo, twist og nokre med Rafdal Våpen logo.

 

Løpsmuffe

Løpsbytesystem har blitt veldig populært. Me lagar sjølve muffa i eit veldig seigt og sterkt stål, så tilpassar me denne til pipe og til kasse. Til slutt vert pipa kamra. Systemet vert då aldeles utan noko form for slark, og erfaringen viser at treffpunktet er det same når pipa vert skrudd attende i kassen.

Strengt tatt vert systemet sterkare slik, enn med originalpipa.

Me leverar og monterar eigne løpsmuffer for Blaser R8 også. Les meir om dette under "Blaser" på nettsidene våre.

Desse er blitt veldig populære :-)

 

Kor sterkt er løpsbyttesystemet me lagar?

(Ikke gjør dette hjemme)

Mange har spurt om kor mykje våpenet vert svekka med eit slikt system. No er det slik at stålet i muffa er Nimax, og det er langt sterkare enn vanleg løpsstål. Det er seigt og har ein RC på rundt 40. Tilpasningane er så å seie utan "slark" av noko slag.

Me har sjølvsagt testa kva som skjer når me fyrer av ei ekstrem overladning i ei rifle med slik muffe.

Ein M98 måtte bøte med livet, men skyttaren ville greit overlevd. Quick-Load sa eit trykk på 11500 bar, 3 gonger over max. Muffa er like fin, men pipa er bakt fast i muffa. Muffa kom greit ut av kassa.

 

Me utfører følgjande ved løpsmontering:

  • Lappig av klakker og retting av låskassefront
  • Rette gjenger i kasse (ekstra kostnad)
  • Retter av løpsemnet før neddreiing, gjenging og kamring.
  • Kamrar til minimum toleranser (dersom ikkje kunden vil noko anna).
  • Dreier ned til ønska profil.
  • Flutar pipa.
  • Gjengar for demper.
  • Coatar med Cerakote H -eller Elite serie

Me byggjer også løpsskiftesystem som fungerer svært bra. Kostar frå kr.1430,- ekstra ved montering av første pipe.

 

Løpsmontering  Prisliste 1.6.2022    
Montere pipe i bolt action kasse (gjenge, profildreie, kamre osv)    kr      3 000,00
Walther CrMo løpsemne 66 cm langt    kr      3 500,00
Walther SS løpsemne 66 cm langt    kr      4 700,00
Lilja SS løpsemne   69 cm langt    kr      6 700,00
PacNor SS løpsemne 71 cm langt    kr      6 700,00
IBI Carbonløp Diverse lengd og caliber  kr      10 900,00
Montere Walther CrMo i bolt action låskasse (ferdig montert)    kr      6 400,00
Montere Walther SS i bolt action låskasse (ferdig montert)    kr      7 500,00
Montere PacNor CrMo pipe i bolt action låskasse (ferdig montert)    kr      8 500,00
Montere PacNor SS pipe i bolt action låskasse (ferdig montert)    kr      9 500,00
Montere PacNor SS pipe i bolt action låskasse 30" pipe(ferdig montert)    kr      10 300,00
Montere Lilja CrMo pipe i bolt action låskasse (ferdig montert)    kr      8 200,00
Montere Lilja SS pipe i bolt action låskasse (ferdig montert)    kr      9 500,00
Montere Lilja SS pipe i bolt action låskasse 30" pipe (ferdig montert)    kr    10 300,00
Montere Lilja SS pipe i bolt action låskasse 32" pipe (ferdig montert)    kr    11 100,00
Montere IBI Carbonløp i bolt action låskasse  22-24-26" lengde  kr    12 900,00
Rette gjenger i låskasse (ikkje alle kassar)    kr         590,00
Lage løpsmuffe for løpsbyttesystem    kr      1 390,00
Tilpasse originalpipe til løpsbyttemuffe                                                                                       frå  kr      1 290,00
Gjenge for demper (pipe som allerede er i arbeid)     kr         790,00
Gjenge pipe (pipe me må skru ut av kasse spesifikt for denne jobben) frå  kr      1 050,00
Cerakote Elite-serie på pipe    kr         890,00
Cerakote H-serie på pipe    kr         890,00
KG-Gunkote på pipe    kr         890,00
Flute pipe frå  kr      1 750,00
Blånere pipe etter fluting    kr         350,00
Lasergravere kaliber, twist og løpstype i coata piper    kr         350,00
BLASER R8    
Rafdal Våpen Blaser R8 muffe    kr      3 000,00
R8-muffe med Walther CrMo pipe, gjenga, blånert, laserinfo    kr    10 700,00
R8-muffe med Walther SS pipe, gjenga, Cerakote H-serie/Elite, laserinfo    kr    12 500,00
R8-muffe med Lilja/PacNor SS pipe, gjenga, Cerakote H-serie/Elite, laserinfo    kr    14 500,00
R8-muffe med Lilja/PacNor SS pipe, gjenga, fluta,  Cerakote H-serie/Elite, laserinfo    kr    16 250,00
R8-muffe med IBI Carbonløp SS pipe, gjenga, Cerakote H-serie/Elite, laserinfo  kr    17 500,00
     
Priseksempel:    
Ferdig montert Walther SS    kr      7 850,00
Ferdig montert Walther SS inkl fluting, gjenger for demper, coating og laserinfo    kr    11 790,00
Me har stort sett dei fleste kaliber og riflestigningar på lager frå Walther og Lilja.    
Frå Lilja har me berre rustfrie løp på lager, men me kan ta inn alle modellar frå Lilja sitt sortiment
på bestilling. Regn med 4 mnd leveringstid frå me leverar ordre til Lilja, og det gjer me 3-4 gonger i året.
     
Frå Walther er det raskare med levering. Ca 2 veker er normal leveringstid.    
     
PacNor har me eit lite utval med løp frå. Her tek me inn emner mykje sjeldnare og berre når me 
har samla opp ein ordre på kring 25 løp.    
     
Normal leveringstid på ei pipe ferdig montert frå oss, er opp mot 8 veker. Dette føreset at me har 
pipeemne på lager.    
     
Diskuter gjerne med oss i høve val av kaliber eller riflestigning. Til løp i raske kaliber anbefalar me rustfrie
løp. Det same gjeld for våpen som skal ha lyddempar. Husk at demparen er "rustgenerator" av dimensjonar
om ein ikkje er flink å skru den av etter skyting.    
     
Albert Rafdal    
     
 

 

Oversikt over kammerbrotsjer pr. desember 2021  
Rifle .17- 7mm  Rifle cal.30-.50 cal Pistol/revolver
     
.17 HMR .300/221 (Whisper) .32 Auto
.300 HAM`R
.17 RFB .30 BR 9mm Parabellum
.17 Remington .30-30 Win 38/45 ACP
.17 /222 Rem.mag .308 Win .357 Mag
  .308 Nato .44 Mag
.22LR .308 Win Tight Neck .45ACP
.22LR Match .30-06 .454 Casull
.22 Magnum .30-06 AI  
.22 Hornet .300 RSAUM  
.22K-Hornet .300 WSM  
.218 BEE .30/350 Rem Mag  
.300 PRC
.221 RFB .308 Norma Mag  
.222 Rem .300 Win Mag  
.223 Rem .300 Wby Mag  
.22 PPC .300 Dakota  
.22-250 Rem .300 RUM  
.22-250 AI    
.22-284 8X57  
5,6X50 R 8mm-06  
  8X68 S  
6X45    
6mmPPC Sako .338 BR  
6mmPPC Borden .338 Federal  
6mmNorma BR .338-06  
8,5X55 Blaser
6XC .338 Win mag  
.243 Win .340 Wby Mag  
6mm Rem .338 Norma Mag  
.240 Wby .338 Lapua Mag  
6mm-284 .340 Dakota  
  .338 RUM  
.250-3000 Savage    
.25-06 .350 Legend  
.257 Wby Mag .358 Win  
  .35 Whelen  
6,5 BR .358 Norma Mag  
6,5 Grendel  9X57  
6,5X47 Lapua  
6,5 Creedmoor 9,3X62
.260 Rem 9,3X64  
.260 AI    
6,5X55 Skan .375 H&H Mag  
.375 Ruger
6,5X55 Mauser .375 Wby Mag  
6,5x55 Arch Imp .375 Dakota  
6,5X55 Ackley Imp .375Chey-tac  
6,5 PRC    
6,5-284
6,5-06    
6,5-06GIBBS .416 Taylor  
.264 Win Mag .416 Rem Mag  
6,5/300 Wby .416 Wby Mag  
     
.270 Win .404 Jeffery  
.270 Wby Mag    
  .458 SOCOM  
7mm-08 .450 Marlin  
7mm-08AI .45/70 Gov  
7X57 mauser    
7X64 Breneke .510 Førland  
.280 Rem .50 Alaskan  
7mm RSAUM .500 Jeffery  
7mm Rem Mag 12,5 A-tec  
7mm STW    
7mm/300 Wby    
.284 Win    

 

Del denne siden med andre!

Share on Facebook

Logg inn