Brukte våpen og delar for sal
Oppdatert 14.12.2020
Mauser
Me har overteke eit stort parti med Mauserlåskassar i, nær sagt, alle varianter. Her er det alt frå relativt skrale saker, til fine DWM kassar, small ring Brno, Large ring Brno og mykje anna.
Ta kontakt for info om kva me har inne.
Remington låskassar
Me har som regel alltid inne eit brukbart utval med Remington låskassar. Dette gjer at me stort sett kan tilby kassar for å bygge akkurat den rifla du ynskjer.
Under har me eit lite utval av det me har på lager.
Stiller LAW og Hansen
Me importerar låskassar frå Stiller Precision i Texas, LAW (tidlegare HighTech) samt at me leverar supre kassar frå ing.Ragnar Hansen produsert her i Norge.
Kikk på "Stillersida" vår for detaljar om desse, eller ta kontakt med oss for prisar og detaljar om Hansen sine kassar.
..............................................................................................................................................................................................................................................................................................
Remington 700 låskasse LA og SA.
Kr.5500,-
Me brukar alltid å ha ein del slike kassar inne for å bruke til ulike oppbyggingsoppdrag.
Eignar seg bra for bygg til alle standardpatroner. Me har også ofte magnumkassar inne.
Me rettar og fiksar kassa slik at den vert tip-topp og betre enn ny.
Ny Remington Seven låskasse for 223 type patroner.
Kr.6500,- SOLGT
Brukt Remington Seven cal.308 støtbunn.
Kr.6000,- SOLGT
Brukt Remington Seven SS cal.308 støtbunn
Kr.7000,-
Small ring M98 Brno mod 1932
Skal du bygge deg ei fin rifle og likar Mauser, då er dette absolutt tingen. Me har også sluttstykker og alt anna som skal til for å få desse komplette.
Då det er "small-ring" vil me ikkje anbefale å bygge magnumkaliber på desse.
Dette er ubrukte og umerka (men registrerte) låskasseskrog.
Prisen er kr.900,-
Brno 600 kasse
Opna til Magnum støtbunn. Heil og fin kasse som vil vera bra utgangspunkt for eit klassisk fint riflebygg.
Kr.2500,-
Låskasse Mauser M98 Magnum Zastava-produsert.
Dette er ein nyprodusert, ubrukt kasse berekna på .458 WinMag eller liknande.
Kr.3500,-
Marocchi Kombi
Brukt kombi i cal12/76 og 6,5X55. Rifleløpet er fint innvendig, men presisjonen er ikkje helt topp. Jobbar med å finne ut av dette. Det føl stålmontasje med våpenet, men ikkje kikkert.
Kun kr.4500,-
Her er liste over nye og brukte originalpiper me har liggjande på lager Oppdatert 7.12.2020
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||