Logg inn

Logg inn med ditt passord for å redigere hjemmesiden!

Skriv inn epostadressen din (må være den som er registrert på Mekke), og trykk på "Send meg passord" for å bli tilsendt nytt passord på epost.

Hopp til innhold

Restaurering av våpen

14.12.2021

 

På denne sida vil me legge ut info om restaurering av våpen.

Me gjer ein god del slike oppdrag, og av og til er dette svært så interessante oppdrag.

 

Sauer sideligger frå 1953 som har fått ein god runde med TLC.

  • Slipe piper og rustbrunere
  • Slipe skjeftet og olje
  • Oppfrisking av nettskjæring
  • Full rens av baskyle, polering av alle innvendige deler
  • Blånering av deler som kan kaustikkblånerast
  • Flammeherding av baskyle

Totalpris for ei slik restaurering er om lag kr.17000,-

 

Her har me smidd nokre nye fjører og laga ein par delar til ein sidelås på ei gamal russisk sideliggar.

Røff børse, men vart relaitvt fin når alt vart fiksa opp på den.

 

Gamle børser treff best....eller?

Her er ein hare eg skaut med rifleløpet på den gamle 1935-modell Sauerdrillingen eg har. Kal.6,5X52R og heimedreia messingkule. Kort hald, så ope sikte.

Det er dette våpenet eg har bruka på småviltjakt i haust. Ikkje mange ryper med haglepipene, berre to stk, men 3 med kula samt denne haren.

 

Winchester mod. 1873

Under vil me vise restaurering av ein Winchester 1873. Våpenet var alt restaurert, men jobben var dårleg utført. Kunden ynskte i tillegg å få laga nytt skjefte til våpenet. Originalstokken var ikkje særleg fin, og ikkje fint restaurert.

Som elles på slike oppdrag var det fila som måtte fram. Mange timar med fil og slipepapir for å få bort gamle merker og gravrust. Helst skal originalgraveringa stå att så inntakt som råd.

 

Låskasse og løp er her fila og slipa. Då er det tid for skjeftebygging.

Planken er saga ut og klar for tilpassing av låskasse. Fortre skal lagast frå same stykke med nydeleg tyrkisk valnøtt. Burde vel vore amerikansk nøtt her, men det er ikkje lett å finne.

 

Bakstokken tek form. LIte rom for kreativitet her. berre å følgje den opphavelege fasongen, og den er jo rett så bra.

 

Forskjeftet er minst like mykje arbeid som bakstokk. Me laga ein eigen liten fres som me fresa ut kanalen til røyrmagasinet. Fungera fint den.

Her vert det fresa av overflødig treverk etter ferdig tilpassing. Dette sparar me mykje tid på.

 

Her er stokken klar for oljefinish og den har fått eit første strøk. På slike skjefter brukar me ofte CCL sin "Hand polishing kit". Dette er ein shell-lakk basert finish som kan vere tricky å legge, men som på slike restaureringsjobbar gir ein veldig autentisk og fin overflate.

 

Byrjar å bli klar.............

 

Rustbrunering (strykbrunering) av løp, magasinrøyr og andre delar (i tillegg til delar for andre våpen).

 

Våpenet er klart. Alt har fått ny finish, skjeftet er på plas. Alle delane skrudd saman.

Våpenet vart rett så bra, og aldeles ikkje til å kjenne att.

 

Me har fila og slipa ned stykke sår og merker på løpet, men ikkje meir enn at den originale stemplinga frameleis er synleg.

 

Ferdig rifle!

 

Winchester mod. 92

Under teksten her vil me vise restaurering av ein Winchester 1892 frå 1923. Den er i 25-20Win og var ille tilredd då me fekk den. Pipa var utrusta, låskassa var herja med, men me skjøna at det låg noko "inni" denne rifla som var verdt å ta vare på.

Me starta med å line pipa med ei ny liner i same kaliber, brotsja kammer fro 25-20 og fila til pipa utvendig for å få den til å sjå bra ut.

Her er låskassa fila og slipa til nesdten ferdig finish. Absolutt alle delar vart så slipa og polera til passe finish.

Tennstempel var knekt, så det må lagast nytt.

Siste finpuss tek me etter at stokken er bygd.

Det ferdige resultatet med flammeherda låskasse og rustbrunera pipe.

 Sauer modell 8 frå ca. 1910

Sauer mod 8 frå rundt 1910. Denne var i bra stand, men mangla det siste ekstra. No har me slipa piper, rustbrunera desse. slipa og pussa skjeftet lett, samt rensa baskylen.

Nettskjæringa er også friska opp.

 H&H sideliggar cal.12

Her har me fullrestaurert ei Engels hagle med stempling "tested and approowed by Holland & Holland".

Rustbrunera pipesett, flammeherda baskyle og ny finish på skjeftet. Hagla vart veldig fin.

 Sauerdrilling cal.16/6,5X52R frå 1935

Flott gamal drilling som har fått fullrestaurering. Våpenet har også fått basar for svingmontasje. Den skyt fint, trass litt gravrust i riflepipa. Ut over dette er den teknisk og no kosmetisk, i 100 % stand, så godt som.

Denne er Albert sin privat, og kjem til å blil bruka på jakt

.

 

Eksempel på oppfrisking av nettskjæring. Dette er ein jobb som tek ca.2 timar på ein våpen som dette. Ein Sauer mod 8 frå 1965

 

Del denne siden med andre!

Share on Facebook

Logg inn